Bli med på ein flott tur i variert høgfjellslandskap med fantastisk panoramautsikt!
Gradering / vanskelegheitsgrad:
990 m høgdestigning, 18 kilometer og 7-8 timar gangtid.
Turomtale:
Denne turen vert laurdag eller sundag, dagen med best vær.
Me tek buss frå Holbergsplassen kl. 08:00. Bussen tek oss til Rundvassdammen kvar den nær 7 km lange HMV taubanen starta. Me startar å gå om lag kl 09:30, og går så over dammen og fyl den "nye" buførvegen som går til Austdalen.
Me går bratt opp mot Gjerdanuten på sva av gneis. Dette vert den hardaste bakken. Når det flatar ut tek me ein liten omveg sidan det ikkje er snøfenner om hausten. Me har no gått ei samla stigning på 230 meter når me møter buførvegen att. Vidare går me ned i Torfinnslaet og tek fyrste matpause der om lag kl 11:30.
Deretter går me nord-aust opp til me kjem i skaret til Austdalen og vidare vestover opp på Austdalsnuten, som er den toppen med mest utsyn på Osafjellet. Toppen er lett å koma opp på frå aust med rundt 200 høgdemeters stigning. Etter å ha gått ned frå toppen går me ryggen mot sør-aust, litt opp og ned, før me til slutt går ned i Torfinnslaet. Her tar me ein ny matpause ved Storfisktjørnet omlag kl. 15.
Deretter vert de ny stigning forbi mange tjørn opp mot høgde 1298 med god utsikt. Etter ein liten pause går me ned mot stien som kjem frå Rembesdalen og Ripsetjørnane og vidare til Lanvassdammen. Her vert det litt steinrøys. Me har siste matpause om lag kl. 18 før me går dei 2,5 km til bussen.
Krav til deltakarar:
God fysisk form. Vant med lange turar utanfor sti.
Utstyr:
Frammøte:
Holdbergsplassen kl. 08:00.
Transport:
Buss
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Pris:
Buss: Medlem 475 kr. inkluderer buss og administrasjonsavgift (75 kroner)
Ikkje- medlem 650 kr. inkluderer buss og adminstrasjonsavgift (150 kr)
*Dyr: Når ein nyttar buss er hund ikkje lov grunna omsyn til allergi. Deltakar kan delta om han/ho køyrer sjølve
Turleiarar:
Arne Røen, arneroenvoss@gmail.com, 47417640
Anita Bø Røen, anitaboroen@gmail.com, 95732982