Bli med på ein fantastisk tur på Lifjellet!
Er du klar for ei luftig utfordring med spektakulær utsikt? Bli med på ein krevjande, men utruleg flott tur på Lifjellet!
Turen startar frå Porten og sluttar på Lekva.
Meir informasjon kjem.
Praktisk informasjon (gjeld alle turar)
- Turane vert gjennomførte som frivillig dugnad. Turleiarane har god kompetanse, men alle deltakarar har ansvar for seg sjølv og eige utstyr. IST følgjer DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar.
- Samkøyring vert avtalt der det er aktuelt. Passasjerar betaler vanlegvis kr 50 per person for turar inntil 40 km kvar veg. For lengre turar tilrår vi 3,5 kr/km delt på tal passasjerar. Eventuelle bompengar og parkeringsavgifter vert fordelte.
- DNT har ei sett med ulike pakkelister her: https://www.dnt.no/pakkelister/.
- Som deltakar kan du bli fotografert av turleiarar eller andre deltakarar, og bileta kan bli brukte i IST sine kanalar. Gje beskjed til turleiar om du ikkje ønskjer å bli fotografert.
#helgetur
