Lunde- Fjærland er ei av dei klassiske rutene over Jostedalsbreen, som har vore brukt i fleire generasjonar. Opp Lundeskaret og over Marabreen. Turen viser òg den kortaste vegen over breen.
Vi reiser frå Førde (parkeringsplassen/Festplassen v/Laksen) kl 07.00, køyrer til Lunde i Jølster, og parkerar ved starten av Fjærlandstunnelen. Nokre bilar køyrer vi gjennom tunnelen til Bøyadalen, for transport tilbake etter endt tur. Avgang frå Lunde blir ca kl. 08.30.
Vi går den mykje omtala stien opp Lundeskaret (1000moh), til Trollavatnet og vidare mot Marabreen. Derfrå går vi vidare over breen til Kvitevardane (1446 moh) og ned i Bøyadalen. Turen tek 8-10 timar og er gradert ekstra krevjande då her kan vere bratte og vanskelege parti med ujevnt underlag.
Stien opp Lundeskaret er svært bratt og enkelte stader bra luftig. Det seiast at stien opp Lundeskaret er den brattaste DNT-ruta i landet!
For kryssing av breen er det nødvendig breutstyr som klatresele, karabin, hjelm & stegjarn.
Dette får du låne gratis frå turlaget ved turstart om ein ikkje har sjølv, skriv gjerne i kommentarfeltet slik at vi har oversikt.
Turen er gratis for medlemmer, ikkje-medlemmer betalar kr 200,- i turavgift.
Krav til deltaking: du må ha med tilstrekkeleg med mat, drikke og ekstra klede. Vêret kan fort snu i høgda. For at stegjern skal sitje på skoa krevst det stive, høge fjellsko. Du må ha god fysisk form og vere vand i ulendt terreng. Turen går berre i godt vêr.
Bre- og fjellsportgruppa i Indre Sunnfjord Turlag er arrangør. Turleiarar er Kjell Kleiven, Per Tore Meier og Lise Mari Haugen.
#helgetur