Go Norsk Friluftsliv to main content
07. Sep 2025

Løyntjerntinden ved Mellane – Kremtopp 2025

Mer informasjon
Løyntjerntinden ved Mellane – Kremtopp 2025
IconSted
Øystre Slidre
Icon Tid
Kl. 10.30 - 14.30
Icon Arrangør
DNT Valdres
Icon Kontaktperson

Turen går i eit småkupert, triveleg område, til ein topp der mange aldri har vore, og den går på DNT sin «Kom deg ut»-dag (KDU-dagen).

Turstart ved Vangsjøen fjellstue/Rabalen: hit kjem du på stølsveg frå Moane eller frå kryss 1 km nord for Rogne kyrkje. Vi fylgjer merka stig mot Rabalsmellen. Litt før siste, bratte stigninga mot denne toppen tek ein stig av til venstre og går sørover høgdene i retning Rundemellen.

Litt opp og ned undervegs, etter kvart ein ganske bratt nedgang (litt laust berg). Deretter lett og greitt oppover att og fram til sjølve «tinden» ( 1156 moh) som ligg på eit vidt platå. Ca. 1,5 t gåtid hit. Retur same rute. Ta med mat, drikke samt varmt og vindtett tøy. Bruk fjellsko eller andre stødige tursko.

Icon Oppmøtested