Go Norsk Friluftsliv to main content
28. aug. 2025

Natur & kultur - i Fløyte-Anna sine fotspor

Mer informasjon
Natur & kultur - i Fløyte-Anna sine fotspor
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 17.00 - 21.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Natur & lultur - I fotefara til fløyte- Anna (Anna Klopstad 1895-1975 ) 

På denne turen skal vi verte betre kjende med utfordringane ved å bu og livnære seg på eit lite veglaust gardsbruk ved fjorden. Vi skal gå på nokre av dei kjende stiane og rekjene som Anna gjekk, og vi skal fylle turen med forteljingar og hendingar frå livet hennar. 

Vi går frå Furevika (Årvikja), der ho hadde naustet, sjøavegen opp den bratte brekka til tunet i ein lun botn, 93 moh.

Om ynskjeleg kan vi kan vi gå frå tunet til Ulltang. Den stien nytta Anna mykje på sine eldre dagar når ho litt etter litt kjende seg utrygg i robåten. Frå Ulltang tok ho bussen til Førde med salsvarene sine, m.a. egg og fløyte.

Ingrid Arnulf omtalar denne stien slik i 1960 i artikkelen "Hverdagens heltinne" i vekebladet Alle Kvinner: " Vi vasset frem gjennom søkkvåte enger og inn i skogen, regnet hadde gjort stien til en elv og morass, men Annas nabokone fant de beste vadestedene, og da vi - som det heter i Asbjørnsen - hadde gått lenger enn langt - hørte vi hissige bjeff gjennom vannklukk og surk. Det var Passop"

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 17.00 (ev oppmøte ved turstart (Furevika)). 

Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats. 

IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn. 

Icon Oppmøtested