Natur & kultur - Stevoll og Åsvatnet
Vi køyrer til Moskog, tek av mot Holsen og deretter av til høgre mot Åsane. Vi parkerer bilane sør for elva ved Nordbø og går gardsvegen mot Stevollen. Turen har fokus på eldre ferdslevegar i området mellom Holsen / Haukedalen og Førde, inkludert kryssing av Jølstra. Stigninga opp Stevollsbrekka til bilvegen er litt bratt, men elles går turen på dels bilveg og skogveg, den siste kan vere litt fuktig. Vi går vidare til Åsvatnet. Returen blir ned att langs bilvegen.
Berit Gjerland er turleiar og fortel.
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 17.00. Ev oppmøte ved turstart.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn.