Go Norsk Friluftsliv to main content
30. aug. 2025

Nordhordland Turlag med unik dagstur til Mellesdalen. Båt og kultur

Mer informasjon
Nordhordland Turlag med unik dagstur til Mellesdalen. Båt og kultur
IconSted
Vikanes
Icon Tid
Kl. 10.00 - 15.00
Icon Arrangør
Nordhordland Turlag
Icon Kontaktperson

Nytt turmål! For første gang arrangerer vi tur til Mellesdalen med båt fra Vikanes. 

Garden Mellesdal er nok ukjent for dei fleste der den ligg i ein bortgøymd dal mellom Romarheim og Stamnes, på fastlandet. Turlaget inviterer til ein spesiell tur der Ben Nordby, kjent musikar og innbuar i Mellesdal ønskjer oss velkomen. Mange utover fjorden og rundt har ætt frå Mellesdal.

Garden er øydegard etter svartedauden på 1300 talet, så her har det budd folk lenge. I 1590 er der registrert ny brukar der og i periodar har det vore fleire bruk. Der er ein bratt kjøreveg frå sjøen og opp til garden og bratt sti til Mellesdalstølen ca 360 m.o.h. Vi tek sjølvsagt turen opp til stølen. 

Turen vurderes som middels til krevende i gradering. Selve fotturen t/r tar 3 timer fra vi går i land fra båten. 

Pris: Turen vert arrangert til kostpris som er båttransporten. Pris medlemmer kr. 550,-, ikkje-medlemmer kr. 750,-. Her kan du melde deg inn i DNT: https://www.dnt.no/medlem/ 

Turen går laurdag 30. august. Frammøte på Vikanes kai. Det er god parkering der. Båten går kl. 10.00 med retur senest kl. 15.00. 

På denne turen gjeld følgjande avbestillingsvilkår: 

Avmelding t.o.m 15. august gjev 100% refusjon av deltakeravgifta med frådrag for bankgebyr. Ved avmelding frå 16. august t.o.m 22. august refunderes 50 % av deltakeravgifta med frådrag for bankgebyr. Ved avmelding seinare, eller hvis den påmeldte ikkje møter ved avreise, blir deltakeravgifta ikkje refundert. Deltakar må sjølv sørgja for avbestillingsforsikring, gjennom reiseforsikring eller kortselskap. Denne gjeld ved sjukdom eller andre årsaker som forhindrar deltaking. Avmelding skal meldast til e-post nordhordland.turlag@dnt.no    

Det er ikkje mulig å ha med hund på turen pga mykje folk både i terrenget og på båten.

Turleiar er Asle Hindenes. 

Icon Oppmøtested