Nordraheia er den nydelege heia som ligg mellom Fundingsland og Jøsenfjorden. Nordraheia er naturreservat. Her finn me snaue berg på toppane, varierte myrar, småtjern og vatn og gammal furu- og bjørkeskog i dei lågareliggjande delane.
Oppmøte på p-plassen på Fundingsland, og her møter me òg kjentmann for turen, Lars Strøm, som bur på Fundingsland. Lars tar oss med på ein fin rundttur på denne opne og varierte heia. Me går oppom nokre av dei høgaste partia slik at me får vid utsikt, og langs stille vatn og tjern og rike myrar.
Ta med god niste og drikke - og klær etter værforholda.