Go Norsk Friluftsliv to main content
21. Sep 2025

NY dato, 21. september! Jardalen Rundt

Mer informasjon
NY dato, 21. september! Jardalen Rundt
IconSted
Gloppen
Icon Tid
Kl. 09.00 - 09.00
Icon Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Har du lyst å gå ein lang Rundtur der ein er over 1000 moh meste parten av tida og turen er på 19,6 km.


Denne turen går vi til Mardalstøylen, tek til høgre like etter støylen mot Svartekari, god sti og vi vil etterkvart sjå to vardar opp på kanten av den bratte bakken. Vidare er det merka til Svartekari, her er meir stein og ikkje so god sti. Når vi har sjekka inn på Svartekari går vi tilbake og opp til det som er toppen av Svartekari, her finn vi også ein varde og vi får utsikt over Tverrfjellet og mot Storevarden til venstre for det. 


Vi følger merkinga over Tverrfjellet mot Søreideskaret, her går det litt ned før ein begynde på det bratte partiet opp til Storevarden. Frå skaret og opp er det eit lite parti med tau og litt klyving.

Når du er på Storevarden har vi ei fantastisk utsikt i alle retningar 1425 moh. Dette er den høgaste toppen rundt Gloppefjorden, her ser du rett over til Botnafjellet i Kandal som er det nest høgaste i Gloppen 1572 moh. 


Frå Storevarden følger ein omlag kanten av dalen, og høgdene framover mot Lisbetdalen og Daurmålsnibba 1135 moh. som er siste toppen på turen. Ein går litt ned for å krysse Lisbetdalen og oppatt mot Daurmålsnibba som har fantastisk utsikt, herifrå svingar ein seg ned til Søreidestøylen og tilbake til parkeringa.        

Dette er ein lang tur så viktig og ha med nok mat og drikke. Etter Mardalstøylen kan det vere vanskelig å finne vaten. Utstyr: gode tursko, vindtette kle, solbriller og solkrem.

Det er påmelding via linken på heimesida. Ein får ei bekrefting på e-post når ein er påmeldt.

Oppmøte: Parkeringsplass rett nedenfor Gloppen Hotel og felles kjøyring til startpunkt, dette pga. bomvei og liteparkeringplass.

Turen er gratis for medlem i DNT/INT og koster kr 200 for ikkje medlemar. Ikkje betal før turen starter. Vipps 108817.


Icon Oppmøtested