Bli kjent med vårens ville nyttevekstar
I løpet av turen skal vi sjå på viltveksande mat- og nytteplanter i området. Turleiarane stoppar ved arter av interesse etter tur og viser viktige kjenneteikn, samt fortel om plantene har forvekslingsarter ein bør være merksam på, når og korleis det er best å sanke dei, og litt om typiske bruksområde i mat og drikke. Vi vil elles òg komme inn på prinsipp for berekraftig sanking og praktiske råd for sanking.
Vi legg ikkje opp til å sanke i større mengder på denne turen, men det vil vere høve til å plukke med seg “smaksprøver” heim for den som ynskjer det.
Turen er gratis for medlemmer i Bergen Sopp- og Nyttevekstforening, og kostar kr 300,- for ikkje-medlemmer.
Oppmøte på turparkeringa ved Totlandsvegen