Oldeskaret er ei gammel ferdselsrute mellom Oldedalen og Stardalen. Turen starter frå Melkevoll (140 moh.) med noko bratt oppstigning til ca 600 høgdemeter. Men stien er oppgradert av sherpaer som har laga til fine trappetrin og på dei brattaste partia er det tilrettelagt med kjetting. Ein får raskt utsikt over Oldedalen og etterkvart som ein stig kjem og Briksdalsbreen til syne. For å få ei flott utsikt over dalen og breane kan ein ta ein liten avstikker bort til fossen i elva Svadåna.
Når ein nermar seg sjølve skaret krysser ein ei elv som er tilrettelagt med ei flott bru. Lenger oppe ligg og steinhytta Jarbu. På det høgaste punktet på 1100 moh er det ein fin varde som markerer stemneplassen. Det var i samband med unionsoppløysinga at folket i Oldedalen og Stardalen tok til å halde sommarstemne her.
Etter ein god matpause på stemneplassen vandrar vi vidare mellom fjell, vatn og bre. Vi går ned langs Storevatnet og over Spelemannsmyra før vi kjem ned til Haugastølen. Nedanfor Haugastølen kjem vi inn på ein grusvei som vi føl ned til Høyset i Stardalen der bussen venter. Den køyrer oss tilbake til Olden/Stryn. Gåturen tek omlag 6 timar. Det kan være greit med gode sko, for ein må kanskje gå litt på snø.
Bussen går frå Strynehallen kl 09.00 og frå Olden Skule kl 09.20. Bussen køyrer til Melkevoll Bretun i Oldedalen der det blir turstart ca kl 10.00. Bussen som henter oss i Stardalen køyrer oss tilbake Olden Skule og Strynehallen.
Pris for tur og buss: Kr 300 for medlem i DNT og kr 500 for ikkje medlem.
Påmeldinga starter tirsdag 11. juni kl 20.00. Det er begrensa plasser på denne turen.
Det er påmelding & betaling via linken på heimesida. Ein får ei bekrefting på e-post når ein er påmeldt.