Go Norsk Friluftsliv to main content
01. okt. 2025

Onsdaggruppa tur til Børnestangen

Mer informasjon
IconSted
Øygarden
Icon Tid
Kl. 10.30 - 15.00
Icon Arrangør
DNT Øygarden
Icon Kontaktperson

Vi møtes på nedre parkeringsplass ved Fjell kyrkje kl. 10.30.

Vi samlar oss i eit mindre tal bilar og kjører til Klokkarvik, parkering nær gamle Sund skule. 

Frå parkeringa må vi gå 1,2 km på asfalt før vi kan gå ut på natursti vidare til Børnestangen. Det kan vera vått enkelte steder stien. Vi prøver gå ein rundtur. Men ved høg vasstand (flo) kan det vera vanskeleg å koma over på austsida. Da må vi gå turen fram og tilbake på vestsida. 

Vi får fin utsikt over Korsfjorden på heile turen når vi går ute på stien. Her er sauer på beite heile året.

Turen er 5,6 km å gå. Turtid totalt kan bli 4,5 timar med kjøring tur-retur, tur i terrenget og matpause. 

Ta med mat og drikke. Kle deg etter slik veret er denne dagen. Gode sko som held vatn ute, gode sålar, og gjerne med ankelstøtte.

Velkommen med på tur!

Icon Oppmøtested