Bli med på tur!
Turen tar utgangspunkt i naustet på Prestholmen, frå der padler vi rundt Flora landet enten nord-sør eller sør-nord avhengig av været.
OBS! På denne turen er det krav om våttkort-grunnkurs hav.
Generelt om onsdagsturane:
?Turane leiast av sertifiserte turleiarar og er eit fantastisk tilbod for å kome deg ut på vatnet i trygge omgjevnadar. Vi padlar ut til forskjellige øyer i skjergarden og tar ein pause i land undervegs. Ta med deg det du ønsker - f.eks. ein matbit og kaffi. Husk tørre klede og lys (hovudlykt på den tida det er aktuelt). Du må vere påmeldt på førehand for å delta pga. sikkerheitskrav frå DNT.
Oppmøte:
Har oppmøte normalt kl.17.30 (vi skal være klare til padling kl.18.00) og varar 3 - 3,5 timer. Dei som ikkje er klar for padling kl. 18.00 vil kunne bli avvist for at ikkje gruppa skal bli hindra, så vær ute i god tid. Oppgitt frammøtestad på nettsida kan endrast. Endeleg frammøtestad blir annonsert på vår Facebookgruppe 2-3 dagar i førevegen og på nettsida. Dette for å vurdere vêrforhold så tett opp til arrangementet som mogeleg i tilfelle vêret gjer at vi bør droppe det planlagde padleområde og velje eit alternativt startsted. Hos oss er alltid sikkerheit hovedfokus.
Sikkerheit:
I padling er det kort veg frå kos til katastrofe sjølv om det skjer utruleg sjeldan. Difor er det viktig at du følger turleiarens instruksjonar undervegs. Som gruppe skal vi alltid padle i nærleiken av kvarandre, og ha kommunikasjonsavstand. Ein turleiar skal leie gruppa ved ei hending, og du må vere forberedt med å hjelpe ved f.eks. ein velt.
På dei første turane på året må du ha tørrdrakt (til vatntemperaturen er 15 grader). Våtdrakt anbefalast det meste av sesongen, men i den varmaste tida er det ok med lettare klede.
Godkjent vest skal alltid brukast under padling, dette kan også lånast av oss.
Pris
?Gratis for DNT medlemmar
100,- for ikkje-medlemmar
Leie av utstyr (kajakk,spruttrekk og åre)
100,- for medlemmer
200,- for ikkje medlemmer
Velkommen på padletur!