Go Norsk Friluftsliv to main content
02. Nov 2025

Open dag med diskgolf og samankomst i gapahuken

857801f3 9707 4f25 98a6 f013edfc5d79
Icon Tid
Kl. 11.00 - 15.00
Icon Arrangør
Eldar IL
Icon Kontaktperson
Sundag 19.Oktober inviterar me i Eldar til open dag med testing av diskgolf. Me set me opp nokre av korgene me har handla inn og lagar til ein sosial samankomst i gapahuken på Framnes. Gratis lunsj!

Me har dei siste åra vidareutvikla nærmiljøanlegget og har fått opparbeidd sykkel/skikross-løype i skogen rundt anlegget.

For å få endå meir aktivitet her har me sett på moglegheitane for å setje i stand eit enkelt diskgolfanlegg i skogen rundt denne løypa.
Det har me kome ganske langt med og korger og diskar er allereie handla inn etter at me fekk tildelt støtte for Hardangerstiftinga til dette.

Bana skal me få endeleg ferdigstilt til neste år, men allereie no set me opp nokre av korgene og inviterer til sosialt samvære. Oppmøte vert ved gapahuken ved hoppbakkane.

I år er det friluftslivets år og me har fått litt midlar til å handle inn mat for anledninga, så lunsjen kan de ta hjå oss denne dagen.

Icon Oppmøtested
Oppmøte ved gapahuken attmed hoppbakkane på Framnes. Gangavstand frå busshaldeplass ved E16. Parkering ved Vossestrand Omsorgstun.