Dei siste månadene har det vorte gjort ein stor dugnadsinnsats for å skilta og merka stiar til Tveitavarden frå Kvamme, Alversund, Alvermarka og Galteråsen. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom orienteringsgruppa i IL Alvidra og kulturavdelinga i Alver kommune.
Me feirer dette med ei markering på Tveitavarden der speidarane i Alversund serverer lappar, kaffi og saft og ordførar Sara Hamre Sekkingstad står for opninga av turstiane.
Ta gjerne del i familieturen frå Alversund kyrkjelydshus til Tveitavarden kl. 11.00. For meir informasjon, sjå programmet for Alversunddagane s. 20. https://issuu.com/bamarkedsplass…/docs/alversunddagane_2025…
Arrangementet er ein del av Friluftslivets år og Alversunddagane.