Go Norsk Friluftsliv to main content
06. May 2026

OPPTUR 8.trinn

Mer informasjon
OPPTUR 8.trinn
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 09.00 - 14.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

OPPTUR er eit årleg arrangement i regi av Den Norske Turistforening (DNT) retta mot alle åttandeklassingar i Noreg. Dette er ein nasjonal turdag der elevar får oppleve naturen saman, med mål om å skape turglede, fellesskap og auka fysisk aktivitet.

Kjernen i OPPTUR:
- Blir arrangert første onsdag i mai kvart år.
- Elevar frå heile landet deltek på turar organisert av lokale DNT-lag.
- Turane er som regel rundt 10 km lange og går gjennom variert natur.
- Fokus på meistring, naturoppleving og sosialt samvær.

DNT arrangerer OPPTUR for å inspirere ungdom til å vere meir ute og oppdage gleda ved friluftsliv. Det er òg ein fin måte å styrke samhald i klassen og få ei pause frå klasserommet.

Indre Sunnfjord Turlag ynskjer å tilby alle 8.klassingar i vårt dekningsområde tur denne dagen, invitasjon sendast til skulane. 
Dalsfjorden: felles gjennomføring ved Blåfjellet i Askvoll
Sunnfjord: felles gjennomføring ved Hafstadfjellet

Vil du vere frivillig? Send oss ei melding på tlf; 41337213 

Icon Oppmøtested