Her får du moglegheit til å vera med på ein fantastisk tur i Eksingdalen frå Yksendalen via Yksendalssølen til Nesheimsnipo. Turen går for det meste på god sti, men vi vil og oppleve dei spektakulære trappene som Stølsvegen venelag har fått til der.
Vi er so heldige at vi får med oss Britt Ingeborg Eide. Ho er leiar i Stølsvegen Venelag og er lokalkjent og vil fortelja om støl og stølsliv der. På Yksendalsstølen er det ope og me får koma inn. Det er nydeleg utsikt alle vegar, både mot Yksendalen, Brekkhusfjellet og Kvitanosi.
Vi møtes kl. 9.30 på Rolland på Osterøy. Herifrå prøver me å få til litt samkøyring til Yksendalen i Eksingedalen.
Turen er gratis, men ein må vere med og betale skyss om ein sit på med andre.
Ta med godt med mat og drikke, og kle etter vær og værmelding.
Turen er forholdsvis krevjande då den er på ca 11 km og har vel 600 høgdemeter stigning. Ein må rekne med at heile turen tek 5-6 timar.
Turleiarar er:
Ole Johan Faugstad, tlf: 993 22 880
Geir Johannessen, tlf: 454 87 544
Bilete: Kjell Morten Brendøy