Go Norsk Friluftsliv to main content
04. mai 2025

Ordførartur til Kvitneset og Buhammaren i Hareid kommune

Mer informasjon
Buhammaren panorama sommar 2021 solnedgang
IconSted
Icon Tid
Kl. 13.00 - 23.59
Icon Arrangør
Hareid kommune
Icon Kontaktperson
Ordførar i Hareid, Bernt Brandal, gler seg til å vise fram eit av hans favoritt-turmål. Det blir sal av mat og drikke - og kanskje tek du sjansen på eit isbad?

Turen går frå Brandal kai til Kvitneset og vidare til Buhammaren for dei som vil. Både Kvitneset og Buhammaren vil vere turmål i årets Stikk Ut-sesong.

Oppstart er ved parkeringa ved kaia i sentrum av Brandal. Vi startar på asfalt og på relativt flat veg, men etter kvart blir vegen noko smalare og går over i grusdekke.

Rik historie Kvitneset ligg på den nordlege spissen av Hareidlandet, i havgapet ved inngangsporten til Breisundet og Storfjorden. Det er ei fantastisk naturperle og sjølv om området i dag er mest kjend for festningsverket frå andre verdskrig, vart området mykje nytta som tur- og rekreasjonsområde også før krigen.

Kvitneset er rik på historie frå andre verdskrig då tyskarane brukte det som kystfort frå 1941 til krigen tok slutt. Då tyskarane kom til Brandal tok dei seg inn i private heimar og brukte skulen i bygda til eit mellombels hovudkvarter. Festningsverket blei bygd av krigsfangar frå Sovjetunionen. Det bestod av skytestillingar, fangeleir, kommandobunker, tunellar og ammunisjonslager i fjell. I dag er mykje av dette framleis synleg i terrenget.

Håkon Johan Eliassen er spesialist på Kvitneset, og vil fortelje oss om noko av historia til området.

Brandal Vel stiller med matsal på Kvitneset, så du treng ikkje ta med matpakke. På menyen står det pølser med brød, saft, kaffi og litt kaffimat.

Dei som vil vidare kan bli med ordførarar Bernt til Buhammaren, ut mot Breisundet. Den etappen tek ein halvtime og går på sti.

Når: Søndag 04. mai klokka 13

Lengd: Om lag 5 kilometer. Fyrste etappe er tilgjengeleg med vogn, sykkel og rullestol

Parkering: Parkering i Brandal sentrum og ved Brandal skule.

Foto: Erlend Friestad

Icon Oppmøtested
Oppmøte ved Pakkhuset i Brandal sentrum, så går vi i samla flokk til Kvitneset og vidare til Buhammaren for dei som vil.