Osterøytrimmen er 10 poster som vert satt ut på fine stader i kommunen, på fjelltopper, gamle stølar, friluftsområder, etc. Det vert seld kart som viser kvar postane ligg. Ca. 400 kart vert seld kvart år. På kvar post er det ein bokstav som deltakarane noterer på kartet. Når alle postane og bokstavane er funne så utgjer desse bokstavane eit ord som vert sendt inn til Osterøytrimmen.
Siste helga i Oktober leiger Osterøytrimmen heile Osterøyhallen og arrangerer "trimfest" for alle som har vore med på Osterøytrimmen. Her er det stort kakebord og det vert delt ut premiar til alle som har fullført Osterøytrimmen, og ein ekstra premie til ein av dei som har funne løysingsordet.Osrerøytrimmen er tilrettelagt for born, vaksne og eldre, og er populær blandt barnefamilier.