På denne turen skal me til Jordalen i Voss Kommune. Det blir eit møte med gamal kultur og turar i eit landskap som no er del av verdsarvområdet Nærøyfjorden.
Det blir 4 overnattingar på Stalheim Hotell med 3 heile turdagar. I tillegg blir det kort tur etter ankomst Mandag og kort tur før heimreise Fredag.
Tirsdag blir 2 parallelle turar. Tur 1 er kategori "Krevande". Den går frå grendahusetgjennom Slettedalen til Bakknosi 1398 moh med utsikt over Nærøyfjorden. Denne turen er 20 km, har 800 høgdemeter. og vil ta 7-8 timar. Det er atterhald om været på denne turen. Tur 2 er kategori "Enkel/Middels". Den går til stølane i Slettedalen og eit stykke til avhengig av været. Det blir då mellom 5 og 10 km.
Onsdag blir det kortare turar med besøk på Grendahuset der me får kaffi og kaker samt forteljing frå Jordalen.
Torsdag køyrer me øvst i Jordalen. Me startar turen frå DNT hytta Jashaugbu og går stien mot Fresvik. På høgste punktet tar me av og går opp mot Fresvikbreen og nyt utsynet der. Det blir 2 turgrupper også der.
Været avgjer om me byter om på dagsturane.
Du vel kva tur du vil gå når du får meir informasjon om turane, seinast kvelden før turdagen.
Overnatting blir på Stalheim Hotel. Oppmøte der i turklede Måndag 31. August kl 1300 klar for kort ettermiddagstur før innkvartering og middag. Ta med niste for den dagen.
Det blir plass til 30 deltakarar.
Pris:
Kr 7400,- pr. person i dobbeltrom.
Kr 2390,- pr. person i tillegg for enkeltrom.
Kontaktperson:
Frank Breistein. tlf. 90555418. E-post frank.breistein@outlook.com
Turleiarar
Frank Breistein, Gerda Øen, Jan Ove Øen