På grunn av dårleg ver blir turen utsatt til helga 6- 7 september.
Ynskjer du å teste ut overnatting ute i telt saman med familien din? På dette kurset får du prøvd deg i trygge omgjevnadar med turleiarar som har mange kjekke tips og triks.
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Grønn/Enkel. Ca 2 km og 100 høgdemeter.
Turomtale:
Me har oppmøte på Holbergsplass laurdag 9. august kl. 10. Herfrå tek me minibuss til Voladammen.
Turen til Volahytta er om lag 1,5 km og har underkant av 100 høgdemeter.
Etter lunsj slår me opp leir i nærleiken av hytta. Det blir gode moglegheiter til å utforska området. Me kan gå småturar, bada, fiska, eller bare leika.
Me lagar ein god middag i lag (turleiar handlar inn og alle deler på å bæra inn maten).
Sundagsmorgon blir det god tid til å laga frukost, pakka saman teltet og leika litt før me startar på returen. Me blir henta ved Voladammen kl. 15.00
Utstyr:
Dette utstyret kan du låna frå Skattekammeret om du ikkje har eige utstyr:
Hvis du treng bilstol til borna dine må du sjølv ta med dette eller køyre sjølv.
Krav til deltakarane:
Du trenger ingen forkunnskapar om overnatting ute for å melde deg på dette kurset. Du må kunne gå ca. 2 kilometer med tung sekk (ein veg).
Oppmøte:
Holbergsplass kl. 10 laurdag 9 august.
Transport:
Minibuss
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Pris:
Gratis for alle! (Både for medlem og ikkje medlem)
Merknad:
Sei ifra til kurshaldar hvis du har allergiar eller liknande.
Turleiarar:
Ingeborg Farestveit: 91 13 59 04
Anna Rinaldo: 40 32 69 91