Ta inn høgfjellet mellom Raundalen og Langhuso, og nyt hyttekos på Grindaflethytta.
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Krevjande
Dag 1: 18 kilometer, 750 høgdemeter, 5-6 timar.
Dag 2: 24 km, 1400 høgdemeter, 11-12 timar.
Turomtale:
Helga 23. - 24. august går me tur i høgfjellet mellom Raundalen i Voss herad og Langhuso i Aurland kommune.
Me tek tog frå Voss til Ljosandbotn, og går T-merka sti til Grindaflethytta i heller lettgått terreng. Turen er 18 kilometer lang med omlag 750 meter stigning. Me reknar 5-6 timar gangtid. På hytta finn me oss tilrette og lagar fellesmiddag frå proviantlageret.
Søndag må me tidleg opp, rydda oss ut av hytta, før me tar fatt på ein spennande langtur. Me går i lett terreng inn Kilsbotnen, før me får bratt stigning opp mot Ramsøynuten 1541 m.o.h. Etter omlag 2,5 timars gange står me på toppen med fritt utsyn.
Vidare går turen i bratt terreng ned mot dei namnlause vatna på 1300 m.o.h. Deretter vert terrenget kupert og krevjande ut mot Vindeggi 1428 m.o.h. Her har me lange parti utan sti med mykje stein.
Frå Vindeggi får me ein nydelig utsikt over fjell og fjord. Me ser ned i Nærøyfjorden, mot Bakka og Gudvangen. Etter god pause går me attende eit stykke, før me i Nisedalen kryssar opp til Fessene, og vidare ned Ljonadalen til Langhuso.
Frå Fessene tek me ein «snarveg» ned ei bratt og luftig kleiv, der det er trinn av armeringsjern i fjellet. Dei lokale med tilknytning til hytta på Fessene brukar denne vegen. Kleiva blir etterkvart til ei ur som me kryssar inn på T-merka sti ned til stølsgrenda på Langhuso, der buss ventar.
Dette er ein krevjande dagstur grunna både lengd og terreng (omlag 24 kilometer og 1400 høgdemeter). Me kjem til å bruka 11-12 timar på turen. Bussturen attende til Voss tek omlag ein time.
Krav til deltakarar:
Vera van med å gå turar i bratt, krevjande og ulendt terreng som er noko «luftig».
Utstyr:
Ein må ha gode fjellsko, vindtett og varm bekledning, lue, votter, nok drikkeflasker og mat.
Smør niste for 2 dagar, då me må tidleg avgarde sundag, og pausene blir moderate i lengde.
Mogeleg å finna vatn undervegs laurdag. Sundag mindre tilgang på vatn deler av turen, men info vert gjeve.
Oppmøte
Voss jernbanestasjon i god tid før togavgang kl 08.25
Transport:
Tog fra Voss stasjon til Ljosandbotnen stasjon. Kvar enkelt kjøper togbillett sjølv.
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Pris:
Medlem: 900 kr
Inkluderer minibuss, overnatting, middag, og administrasjonsavgift (75 kroner)
Ikkje- medlem: 1300 kr
Inkluderer minibuss, overnatting, middag og adminstrasjonsavgift (150 kr)
Dyr:
Når ein nyttar buss er hund ikkje lov grunna omsyn til allergi.
Merknad:
God info til deltakerne om terreng, pauser, bekledning mm i forkant/ undervegs.
Turen sundag krev sikt og tørt terreng. Turen kan verta lagt om ved behov, og i verste fall avlyst.
Turleiar:
Bente Søfteland: 91889698, bente.softeland@gmail.com
Kjersti Vik: 95171062
#Sundagstur