Go Norsk Friluftsliv to main content
14. Mar 2026

Overnattingstur med kvisting og tur til Trollanut og Fossdalskavlen

Mer informasjon
Overnattingstur med kvisting og tur til Trollanut og Fossdalskavlen
IconSted
Vossevangen
Icon Tid
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson
Sofie Hagland Børseth
90238857
sofie.borseth@dnt.no

På vinteren blir det kvista over 4300 km med løyper i Noreg. No kan du få moglegheiten til å bli med! 

I tillegg til kvisting av vinterløypa, blir det overnatting på flotte Kaldavasshytta. Dagen etter tek me ein vakker tur til dei Bleienuten, Trollanuten og Fossdalsskavlen. 

Gradering / vanskelegheitsgrad: Krevjande. Lang tung tur dersom du går alle tre toppane. Turen kan verta korta ned eller lagt om i høve til ver og føre. Lengde heile turen er ca 20 km og 1000 høgdemeter.

14.mars: 
Turen går frå Upsete Stasjon til- Kaldvasshytta der det vert kvisting av løypa som er ca 6 km og det tek ca 3 timar. Alle må kunna bera 1-2 buntar med kvist ca 5-6 kg. 

Avgang tog frå Voss 9.50 og Upsete kl 10.38.

15. mars:

Me skrir ned frå Kaldavasshytta til austenden av Geitavatnet. Her får me ein motbakke på 150 høgdemeter før me kjem i kupert og spanande terreng fram til Bleienuten 1465 moh. Her opnar Flåmsdalen seg under oss. Fyrst får me eit flott og slakt nedrenn til Erlebotn og så ein skikkeleg kneik på 300 høgdemeter motbakke fram til Trollanuten 1517 moh., som vert løna med vid utsikt nedover Flåmsdalen, Aurlandsfjorden og ein velfortent matpause.

Me vil så vidare til Fossdalsskavlen og får ein flott telemarksbakke ned i Fossdalen. Så ein bratt kneik på 250 høgdemeter før me når varden på Fossdalsskavlen på 1551 moh. Her får me ny flott utsikt medan me tek ein pause med resten av nista. Breidalen ligg no med sin fantastiske unnabakke framfor oss til me rundar fronten på Upseteeggi og er etter kvart etter herleg nedrenn framme ved Upsete stasjon.

Retur med tog kl 18.54 frå Upsete og Voss kl 19.44.

Krav til deltakarar: 
Må vera i god form til å gå bratte bakkar og gode skiferdigheiter til lange nedrenn.

Utstyr: 
Gode skifeller
Nistemat for laurdag og søndag. Me lager havregraut til frokost for dei som vil ha det.
Termos
Lakenpose til overnatting
Dei som har, tar med: søkestang, skredsøker, spade

Sjå ellers DNTs utstyrliste for vinterturar. 

Overnatting: 
Kaldavasshytta

Frammøte: 
Oppmøte laurdag 14 mars kl. 09:35 på Voss jernbanestasjon tog frå Voss til Upsete (avgang kl 09.50). Kvar einskild kjøper togbillett til seg sjølv. Pris på togbillett 152 kr,-

Retur:
Retur med tog frå Upsete sundag 15 mars 18.54 og tilbake til Voss kl 19.44. Kvar einskild kjøper togbillett til seg sjølv. Pris for togbillett 152 kr,-

Pris: 
Dei som er med på kvisteturen får overnatting og middag på Kaldavasshytta.
Ikkje-medlem: 500 kroner inkl. overnatting og middag
Medlem: 200 kroner inkl. overnatting og middag
Tillitsvalde i Voss Utferdslag: 100 kr inkl. overnatting og middag (betalar kun for middag)

NB! togbillettar må ein betala sjølve utanom (lurt å booka før tur).

Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleierane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane verdt gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.    

Merknad: 
Me prøver å gjennomføra kvistetur er 14-15 mars med forbehold om ok føre og vêr forhold. Turen 15.mars kan verta endra i høve til ver og føre. Det vert avgjort når dagen kjem. 

Turleiarar: 
Sveinung Klyve tlf. 95 98 75 01

Jarle Rogne 97 15 29 71

#sundagstur 

Icon Oppmøtested