Overnattingstur til Filefjell 28.8. -31.8.2025 (torsdag-søndag)
Merk at prisane er endra ein del no. Ekstrapris for enkeltrom er no kr 1 500 for 3 netter.
Påmeldingsdato er endra til tysdag 11. mars kl 12.00
Det blir lett/kort tur torsdag og søndag. Fredag og laurdag vert det tur 1 og tur 2, med varierande lengde på turane, men i same område/sti. Korleis blir endeleg avgjort seinare.
Me bur i dobbeltrom, eller enkeltrom for dei som vil ha det på Filefjellstovene hotell i Tyinkrysset.
Påmelding startar tysdag 11.mars kl 12.00 på heimesida til turlaget.
Depositum kr 2000,- blir å betala til konto 3626 52 75634 Stord-Fitjar turlag innan 1. mai eller ved påmelding om du melder deg på etter 01.05.
Resten skal betalast seinare.
Totalt pr person:
I dobbeltrom kr 6 100,-.
I enkeltrom: kr 7 600,-.
Då er det frukost, niste og 3 rettars middag kvar dag.
I tillegg kjem kjøring, som er ca kr 2500 pr bil t/r. Rekna slik: 626 km a kr 3.50 + bompenger/ferje ca kr 400. Dette utlegget vert å dela på personane i bilen.
Førebels turprogram:
På vegen til Filefjell stopper me ved Husum i Lærdal Kommune og går Vindahellavegen fram til Borgund Stavkyrkje, ca, 1 - 1,5t. Vindahellavegen er ein del av kongevegen over Filefjell og er eit fantastisk byggverk frå 1790 tallet.
Dag 1: Tur1 til ein av fjelltoppane i området. Horntind 1454 moh. Topptur med storslott utsikt. Tur 2 i same området,
Dag 2: Tur 1 rundtur på Filefjell der me går innom DNT hytta Sulebu 1330 moh.Tur 2 i same område.
På heimturen kjører med om Øvre Årdal og til Hjelle og går opp til Avdalen gard 380 moh. Ca 1 t frå p-plass, Flotte fossar. Avdalen gard er ein fjellgard til Utladalen Landskapsvernområde.
Kan bli endringer i programmet.
Det kjem meir detaljer om sjølve turane litt etter litt. Me skal gå turane i løpet av juli.
Ta kontakt om du treng skyss, eller avtal med nokon som skal, om å sitja på..
Turleiarar: Per Audun Kloster, tlf 957 43190, Birger Taranger/Anne Kristin Eldøy, tlf 915 63034/909 34372
Lokalkjende: Per Audun Kloster og Jorunn Kloster