På grunnkurset lærer ein om padleteknikkar, turplanlegging, vêr, farvatn og forhold og ikkje minst redningsteknikkar for å kunne redde seg sjølv og andre dersom ein skulle vere uheldig. Ein kan vere med på grunnkurset utan å ha tatt introduksjonskurset først.
Det blir også kjekke aktivitetar og felles middag på kvelden!
Prisen er kr 400.- per deltakar inkludert kajakkurs, overnatting og mat!
Nøyaktig tidspunkt for oppmøte og anna info blir sendt til påmeldte på kurset.