Palmesundag er det klart for tradisjonsturen Årdal- Nes, ein flott dagstur på fjellski der ein vandrar over islagte vatn i Naustdal- Gjengedal landskapsvernområde.
Tid: 7-9 timar.
Distanse: ca 30 km med litt under 600 høgdemeter stigning.
Gradering: Turen vert merka som krevjande grunna si lengde. Det er ein fordel at ein har erfaring frå dagstur på ski, og ikkje minst - at dette ikkje er årets første tur for å teste skia.
Målgruppe: alle, både unge og vaksne, som har lyst på ein flott skitur.
Vi startar turen kl.9 frå Erikstad i Årdalen i Jølster. Inn dalen til Legestøylen er det ca 4 km med oppkøyrt skiløype som ei fin oppvarming. Deretter kjem all stigninga på turen på ein gong, heilt opp til Stegsvatnet (782 moh.),her er det nok lurt å bruke skifeller. Når du har komt hit er den tyngste delen av turen unnagjort.
Når vi er komne opp på Stegsvatnet er det berre å peile seg inn på hyttene i Kupa, nyte turen og tenkje at no har ein ca 2 mil med lett terreng og slake fine unnakøyringar framfor seg!
Vel framme ved Longevasshytta tar vi en lang og god matpause før turen fortsett vestover Longevatna. Her får vi nokre fine renn ned mot Fosselva, før vi tar til på siste stykket over Vonavatnet. Der er det oppkøyrt løype over vatnet og fram til Røde Kors-hytta og ned vegen.
Hugs solbriller, solkrem og rikeleg med mat og drikke.
Det blir sett opp buss med avgang frå Nes i Naustdal kl 07.00, frå Festplassen i Førde kl 08.00. Det er mogeleg å gå på bussen undervegs (dette må avtalast på førehand med turleiaren). Etter at vi er komne til Nes om ettermiddagen, ca kl 18.00, går bussen tilbake til Erikstad.
I deltakaravgifta er det lagt inn bussutgifter, som DNT-medlem dekkar turlaget delar av avgifta.
Medlem 250,- Ikkje-medlem kr 450,-. Påmeldingfrist er nødvendig for å kunne planleggje transportlogistikk, jo før du bestemmer deg jo betre!
BUA Sunnfjord har nokre fjellski til utlån
For spørsmål, ta kontakt med turleiar; Kjell Arne Hjellbrekke, tlf 95827976.Medturleiar: Lise Mari Haugen, Astrid Moe, Merete Helgheim.
Sjå kart i turbeskrivinga på UT
Praktisk informasjon (gjeld alle turar)
#helgetur