Go Norsk Friluftsliv to main content
12. Sep 2025

Rein Hardangerfjord - Strandryddeveka

Rein hardangerfjord 25 austevoll plakat
IconSted
austevoll
Austevoll
Icon Tid
Icon Arrangør
Austevoll kommune
Rein Hardangerfjord er ein strandryddedugnad. En strandryddedugnad er en dugnad der frivillige vel seg eit område de vil rydde fritt for forsøpling. Vi prøver å samle så mange som mogleg til å rydde i løpet av veka.

Framtidshavet står for organiseringa, og Austevoll kommune bidreg ved å engasjere, dele informasjon og hjelpe til med utlevering av utstyr. Det trengs mykje folk, og ein kan velja kva rolle ein ynskjer å ha i dugnaden. Ein kan vere med som lokal ryddeleiar eller frivillig ryddar, les meir om kva det inneberer på sidan roller og oppgåver. I tillegg kan ein bidra med å transportera avfall til containeren. Det vil også vere ein vaktmeister frå kommunen som tidvis vil vere tilgjengeleg for å transportere avfall i arbeidstida i ryddeveka. I Austevoll blir containeren utplassert på Austevoll ungdomsskule, og det er svært viktig at alt søppel som vert samla inn blir levert i containeren.

Hjelp oss med å sprei ordet om dugnaden! Følg Framtidshavet på Facebook og Instagram. Meld deg på nyheitsbrevet, og send informasjonen vidare.

Icon Oppmøtested
Ein kan plukke søppel der ein ønsker.