Go Norsk Friluftsliv to main content
05. Aug 2025

Romsdalsstien - En hytte til hytte reise gjennom fantastisk fjellandskap

Mer informasjon
Romsdalsstien - En hytte til hytte reise gjennom fantastisk fjellandskap
IconSted
Rauma
Icon Tid
Icon Arrangør
DNT Romsdal
Icon Kontaktperson
Rigmor Nekstad
nekstad31@icloud.com

Et bilde som inneholder himmel, utendørs, sky, fjellKI-generert innhold kan være feil.

 

Romsdalstien eit magisk eventyr av dei sjeldne

 

Minst éin gong i livet bør du unne deg ein SignaTUR. SignaTUR er ein samling av Noregs yppaste langturar – nøye utvalt, kvalitetssikra og varmt anbefalt av DNT. Ruteae er skilta og går langs turistforeniningas merka stier. Bli med våre turleiarar på guidet opphold gjennom Romsdalsfjella.

 

Viss du lurer på kva du skal gjere i august, så har eg svaret; Å gå Romsdalsstien, vel. Dette er ein av dei finaste naturopplevingane eg har hatt. Frå ferjekai til furuskog, via fantastiske omgjevnader med høge fell, vide dalar, bratte bakkar opp ur og ned ur, kring vatn og 360 graders utsikt på Vasstindbu. Denne turen må du berre oppleve. Vi startar ved ferjekaia på Åfarnes og går første etappe opp til Skorgedalsbu, vi kjem ned til Rabben, vi bestiller taxi, slik vi kjem oss attende til Åfarnes for å hente bilane. 

 

Oppmøte

Vi møter ved Åfarnes ferjekai. Den som avtalte å sette bilen sin ved Rabben, vert henta av avtalt sjåfør, viss vi ikkje vert einige om å bestille taxi frå Rabben. Vi møter på Åfarnes klokka 1400 på tysdag 05.august 2025 Klar til eit lite ferdaråd og sjekk av utstyr. Følg utstyrsliste til DNT sommarturar

 

Info

Ei veke før avreise møtast vi til eit teamsmøte. Kan vere greitt å seie hei til kvarandre og dele litt forventningar til turen. Dette er ein tur som går i smilepuls og er i øvste enden av trivselsskalaen. Det er så mange inntrykk å ta inn, vi kan legge inn ein topp eller to, det er opp til gruppa. Alt av utstyr og proviant vert gått gjennom på teamsmøtet, og det ein ikkje har kan ein låne. Det vert noko fellesutstyr som vi må dele på å bere, det tenkjer eg går heilt fint. 

 

Proviant

Vi et frå proviantlageret, på dei hyttene som er sjølvbetente, alt av ekstra snacks og andre goder må ein ta med sjølv. 

Vasstindbu og Svartvassbu er to ubetente hytter, det vil seie at vi må ha med oss den maten vi skal ete. Det enklaste er nok at alle ber med sin eigen mat, om det er stemning for felles middag, så avtalar vi det nærare i teamsmøtet før avreise. Vi må tenkje på at det kan bli tung sekk, så her må vi tenkje vekt. 

 

Sekk, utstyr og klede; Sekken bør ikkje veie meir enn 12 kg. Utstyr ein treng kan ein sjå på pakkeliste for sommarturar, https://www.dnt.no/turtips/turvett/artikler/pakkeliste-for-sommerturen/

Felles utstyr fordeler vi og bytter på å bere. Ta med slippers, eller crocs til inne og eg ser helst at alle har ankelhøge fjellsko med godt grep. Har du problem med gnagsår, tenk forebygging. 

 

Dag 1. 

Et bilde som inneholder utendørs, sky, fjell, himmelKI-generert innhold kan være feil.

Åfarnes 3 moh. til Skorgedalsbu 386 moh.

 

Her skal vi følge stien opp gjennom eit boligfelt og opp til vegen mot Herjevatnet, vi tek av ved foten på Tarløysa og følger stien over Nesskaret , forbi Nygardsstøylen, Monsås og opp til Skorgedalsbu, for avslapping og kos rundt matbordet, og plan for neste dag. Denne turen er moderat og til dels kuppert før vi kjem fram til hytta, som ligg oppå ein åskam med flott utsikt over Skorgedalen. 

 

 

Dag 2.

Et bilde som inneholder utendørs, sky, himmel, landskapKI-generert innhold kan være feil.

Skorgedalsbu  386 moh. til Måsvassbu 591 moh

 

Denne etappen er så fin, den går i eit nokså roleg landskap, med høge fjell og toppar kring oss, stilen slynger seg gjennom dalen, det er jamn stigning, og småkuppert før ein kjem fram til hytta. Vi går ned mot parkeringa før vi dreier vestover og mot Måsvassbu, her går vi langs elva til vi kjem til Nordvikstøylen her krysser vi elva og fortsett oppover på  sørside av elva. Før vi kjem til Ingridsetra skal vi skrå ned mot elva og over ei solid bru, her tek vi gjerne ein liten rast før vi går vidare. Her kjem vi opp til Såtskarvatnet 690 moh. og vi skal vidare over Såtskaret, ned og forbi Såtevatnet   678 moh., vidare ned til Svartevatnet 598 moh. opp Måsskaret 612moh. og bort til hytta, som ligg på 590 moh. Her er det luksus med badstu ved vasskanten. Det er så innmari fint og du vil kjenne på ei indre ro ved å både kome fram og vere på Måsvassbu. Her må vi verkeleg lade batteria før neste dag, som har den brattaste stigninga på heile turen. Det treng ein ikkje tenkje på før dagen kjem, her skal det nytast god mat, badsstu, bading og ei god natts søvn før ein skal bli belønna med ei magisk utsikt frå Vasstindbu neste dag.

 

 

Dag 3.

Et bilde som inneholder utendørs, natur, landskap, skyKI-generert innhold kan være feil.

Måsvassbu 591 moh til Vasstindbu 1195 moh

 

Dagen i dag kan bli litt krevjande, vi starter bortover eit myrområdet, etter kryssing av myrområdet så bers det oppover, oppover og oppover. Belønninga er massiv, pauser treng vi nok undervegs, kanskje til og med eit bad? Når vi startar går vi eit stykke borover før i raskt begynner å stige opp til 723 moh. Vi skal gå gjennom Mørkvassbotn, forbi Mørkvatnet og over Mørkvasskaret 980 moh. no skal vi litt ned og rundt Falkhammaren, åhh hadde det ikkje vore kjekt å fått sett ein falk eller to? Ned til Kjøvdalsvatnet, kanskje for eit bad, i alle fall ei pause på 765 moh. før vi sett inn toppstøtet i ei bratt stigning frå 765 til 1195 moh. Opp ein ganske så bratt grasbakke, vi tenkjer; Phu, dette var bratt, og tek ein pust i bakken, berre for å vite at vi skal opp ein enda brattare stigning gjennom ur. Berre vent, det er verd kvart eit steg, tyngre og tyngre vert det, før det plutseleg flater ut og vi ser hyttene på toppen. For ei lykke.

 

 

Dag 4.

Et bilde som inneholder natur, utendørs, sky, himmelKI-generert innhold kan være feil.

Vasstindbu 1195 moh til Svartvassbu 840 moh

Vi startar dagen, sjølvsagt, med frukost som vi ber med oss, eg vonar i friluft med utsikt 360 grader rundt. Frukost er ferdig, vi har pakka ned og vaska oss ut. No skal vi bratt ned ei ur, ftrå 1195 og ned til 725 moh. Vi står nede ved det litje vatnet og ser bort på Helvetestinden og tenkjer; dit skal vi ikkje, før vi går fordi vatnet og opp neste ur, denne ura har ei jamn stigning, vi skal opp 400 høgdemeter før vi dreier sørover og vidare opp 200 høgdemeter, på enden av Styggeværshaugen 1371 moh. vi skal fortsette over ein rygg og opp på Nordre Gråfjell før i skrånar ned 320 meter ned og mot Svartvassbu. Svartvassbu er to separate hytter som ligg eit steinkast frå kvarandre, nedom fjellet, ned mot eit vatn, det er her vi hentar vatn til dagens gjeremål. 

 

 

Dag 5. 

Et bilde som inneholder natur, utendørs, fjell, skyKI-generert innhold kan være feil.

Svartvassbu 840 moh til Hoemsbu 50 moh

 

I dag skal vi ned til Hoemsbu som ligg nede ved Eikesdalsvatnet. Her kan ein låne båt og fikse sin eigen middag om ein ønskjer det. Denne DNT hytta er ein nedlagt gard, som ligg idyllisk til ved Eikesdalsvatnet. Turen vi har framfor oss er litt krevjande, vi skal først ned til 600 moh. før vi skal stige desse høgdemetra ganske så raskt, før vi kjem til eit morenelandskap, og i enden skal vi opp eit stykke bratt opp til 1305 moh. over Hoemsskaret før ein skal over og bratt ned til Hoemsbu.

 

Her går det litt opp og ned. Vi får nokre kvileskjær, og det er utruleg flott når vi har kome opp over ur og svaberg i Hoemsskaret og ser opp på Gjuratind 1712 moh. som ruver som eit tårn opp frå aust. Vi skrår litt bratt ned mot det azurblå vatnet som ligg under Hoemsbreen på 1035 moh., herifrå går det ganske bratt ned til Hoemsbu, kor vi går langs Hoemselva nedover før vi dreier i sørlig retning og ned mot vatnet som ligg på 22 moh. 

 

 Dag 6. 

 I dag skal vi opp alle høgdemetra vi gjekk ned i går. 

 

 

Tid per etappe vil sjølvsagt variere, vi har eit utgangspunkt, så vert turen slik vi lagar den i høver vêr og form

 

Åfernes– Skorgedalsbu 12 km

Stigning;  høgdemeter opp/ned 3- 72- 400- 549- 432- 355- 319- 385 moh

Tid:  5,5 timar

 

Skorgedalsbu - Måsvassbu  15 km

Stigning;  høgdemeter opp/ned 385- 318- 543- 744- 692- 594- 613-  591moh

Tid: 6 timar

 

Måsvassbu - Vasstindbu 10 km 

Stigning;  høgdemeter opp/ned 591-923- 767- 1137- 1189 moh

Tid: 6,5 timar

 

Vasstindbu – Svartvassbu 7 km

Stigning;  høgdemeter opp/ned 1189 -718- 1329 -1183 – 910 moh

Tid: 5 timar 

 

Svartvassbu – Hoemsbu 10,5 km

            Stigning; høgdemeter opp/ned 939- 602- 1305- 1068- 520- 34moh

            Tid: 6,5 timar

 

Hoemsbu– Rabben 10,5 km 

Stigning;  høgdemeter opp/ned 34- 520- 1068- 1305- 602- 160moh

Tid: 8 timar 

 

 

Turleiarar: Rigmor Nekstad og Emil S. Bratteberg. 

Kontaktinfo: nekstad31@icloud.com

Icon Oppmøtested