Laurdag 9.august kan du bli med Indre Sunnfjord Turlag på rundtur til Isvassnipa via Styggevassegga og Brandsegga. Velkomne på "eggevandring" med oppmøte på parkeringsplassen ved Astruptunet.
Høgde: 550 moh - 1437 moh - 550 moh.
Lengde: ca. 14 kilometer
Tid: ca. 7-9 timar, set av heile dagen.
Gradering: Krevjande - ekstra krevjande.
Oppmøte: Parkering ved Astruptunet kl.08.00, sørsida av Jølstravatnet. Derifrå fyller vi opp bilar og køyrer opp kraftvegen til Bjørndalen (Vi gjer merksam på at denne vegen normalt er stengd, og parkering skjer i samråd med grunneigar mot bompengar 50 kr/bil).
Frå parkering i Bjørndalen går ein i retning styggevatnet og tek stigning opp på Flateeggane. Frå Flateeggane går ein sørover opp Styggevassegga til toppen på 1398 moh. Den er luftig, men ufarleg å gå. Når egga er tilbakelagt føl ein høgdedraget rundt og går mot det høgste punktet i vest, som er Isvassnipa 1436 moh. Frå Isvassnipa held turen fram rett mot vest, noko bratt ned skaret mot Bransegga 1247 moh, deretter mot Høgenuken 1180. Heile denne fjellryggen vert kalla Astrupegga. Ned til Knebben og vidare mot Bjørndalen der ein kjem inn på same skogsveg ein starta turen på.
Turen er elles skildra i Opptur Indre Sunnfjord side 256.
Ta med godt med mat og drikke. Gode vindtette klede - vêret kan fort snu i høgda.
#helgetur