Bli med på en flott tur i Sunnmørsalpane
Dette er ein utruleg flott rundtur i eit fantastisk områda av Sunnmørsalpene, vi er innom tre kommuner på vegen, vi startar i Sykkylven, kor vi skal overnatte på Velleseter. Hytta ligg på eit høgdedrag og har god utsikt nedover i dalen og opp på toppar og tindar framover i dalen. Neste dag skal vi over i Ørsta kommune, opp til Gullmorvatnet, og ned mot Langesætra, vi går gjennom frodig natur og ur i skjønn forening. Vi går mellom fjella og dei spisse tindane som strekk seg mot himmelen. Det er så innmari fint å kunne gå og ta inn lukta av naturen, fauna og fjell i skjønn forening. Kanskje eit lite bad i Storevatnet før vi går vidare? Storevatnet er ein veldig fin rasteplass før siste del av ruta mot Patchellhytta kor vi kjem inn i Stranda kommune. Patchellhytta litt ved foten av Slogen, dronninga av Sunnmørsalpane. Når vi kjem opp i Steinreset så ser vi rett bort på Smørskredtindane, det er litt av eit skue, Her ligg Patchellhytta godt plassert mellom nokon av dei finaste fjella I Sunnmørsalpane. Dette er ein storslått tur i magisk natur.
Oppmøte: Vi møtes på Bunnpris i Velledalen klokka 16, så køyrer vi til pumpehuset på Brunstad hvor vi parkerer. Det tar mellom 45 - 60 minutt å gå opp til Velleseter. Der lager vi middag og blir kjent. Neste dag et vi frukost smører niste og vasker oss ut av hytta. Vi setter i marsj seinast 0900
Velleseter - Patchellhytta ca 15 km
Turen går opp Vellesætredalen, i lyng og låg skog, vi skal gjennom et litt utfordrande og steinete parti, opp Gullmorbrekka, rundt Gullmorhornet, før vi ser Gullmorbreen på venstre side. Vi går rundt vatnet før vi sett oss ned på svaberga og tek ei god lunsjpause. No skal vi ned til Langesætra, før vi dreier opp mot Patchellhytta, vi har Slogen på høgre side når vi går forbi Storevatnet og Isavatnet. Når vi går rundt vatna har vi Geithornet og Brekketindane på venstre side. Vi skal vidare opp til Steinreset her kan vi se ned på hytta og rett bort på Smørskredtindane. Det er berre 15-20 minutt igjen. Når vi kjem fram til hytta så fordeler vi oppgåver og bestemmer oss for både middag og dessert.
Proviant: Vi vel middag og dessert frå proviantlageret. Frukost, nistemat og snacks sørger kvar einskild for sjølv
Patchellhytta - Brunstad ca 11 km
Neste dag et vi frukost, vaskar oss ut og går frå hytta rundt 09-0930. Vi skal gå ned i Brunstaddalen, ein fantastisk frodig og fin dal. Første etappe skråer vi ned Liadalen og opp i skaret mellom Bolten på høgre side og Skartinden på venstre side. Brunstadalen er ein v-dal med massive tindar på begge sider, det er heilt magisk, vi kjem til eit vatn omtrent når vi er kome halvvegs, vi tek små fotopauser og ei lunsjpause litt etter vatnet. Vi skal gå i ur delar av ruta, når vi kjem forbi vatnet så er det over i sti og landskapet opnar seg opp før vi kjem ned på Setra, då er det over på traktorveg og grusveg etter kvart før vi kjem attende til bilane.
Proviant: Du må handle det du treng til frukost, nistepakke og snacks for helga. Middag på Vellseter og middag og dessert på Patchellhytta er inkludert i prisen. All anna proviant må kvar einskild syte for sjølv.
Utstyr: Ein god sekk og godt fottøy er viktig, her ligg link til korleis ein pakkar sekken til sommartur. https://www.dnt.no/turtips/turvett/artikler/pakkeliste-for-sommerturen/ Felles utstyr tek turleiarane ansvar for, dette vert fordelt, viss naudsynt på alle turdeltakarar, og turleiarar.
Her kan du lese om Hyttene du skal besøke Ut.no
https://ut.no/hytte/10550/velleseter
https://ut.no/hytte/10545/patchellhytta
Turledere: Rigmor Nekstad (nekstad31@icloud.com) og Sonja Håvik
Medlemmer i DNT støtter sin lokale forening i drift av hytter, ruter og aktiviteter for de aller fleste. Melder du deg inn, får du rabatt ved overnatting på alle DNT-hytter i Norge, på aktiviteter og i tur- og nettbutikk. Du får også friluftsmagasinet Fjell og Vidde 5 ganger i året og en rekke andre medlemsfordeler. Les mer om medlemskap her.