Go Norsk Friluftsliv to main content
29. aug. 2025

Rundtur med kajakk Hardbakke-Utvær

Mer informasjon
Rundtur med kajakk Hardbakke-Utvær
IconSted
Hardbakke
Icon Tid
Icon Arrangør
Sogndal Turlag
Icon Kontaktperson

Bli med på et fantastisk padleeventyr ytterst i Sognefjorden

Denne turen er for deg som ynskjer å padle så langt vest du kjem i Noreg! Turen vekslar mellom innaskjers og skjerma område der me padlar mellom hundrevis av øyer og padling i opne og eksponerte havområde. Det må forventast middels krevjande vær- og sjøforhold, det vil seie vind opp til frisk bris og bølgjer opp til 1-2 meter. Dagsetappar vil vere på 20-30 km, etter vegval, vær- og sjøforhold, og gruppa si erfaring. Total distanse for ruta er omkring 60 km. 

Deltakarane på denne turen må ha NPF teknikkurs eller liknande, ha noko erfaring med padling i vind og bølgjer og vere i ok fysisk form slik at gjennomføring av etappane som er skissert går greit. Deltakarane må kunne eigenredning, kameratredning og tauing, slik at alle kan fungere som sjølvstendige medlemmer av gruppa og hjelpe kvarandre ved behov.

Det er plass til 8 deltakere på turen. Merk at turen kan bli avlyst ved for få påmeldte.

Har du ikkje teknikkurs kan du ta dette med Sogndal Turlag den 14.-15. juni: https://aktiviteter.dnt.no/register/teknikkurskajakkisolund_25022025010635 

Obs! Gjennomføring av turen er avhengig av relativt fine værforhold. Ved for krevjande forhold, gjennomfører me ein annan flott tur i øyriket som er kortare og/eller meir innaskjers i skjerma farvatn. Solund er eit stort og variert område, med mange fine turmoglegheiter uansett forhold. Ved sjukdom eller skader kan det verte behov for å avbryte turen for deler av gruppa eller heile gruppa. Deltakarar vil ved slike høve ikkje få refundert kostnadar og må dekke ekstra kostnadar sjølve.

Logistikk

Oppmøte Hardbakke fredag kl 18 (ferje frå Rysjedalsvika kl 16.25/Rutledal kl 16.50)

Avslutning slik at me når ferja frå Krakhella søndag kl 17.30 eller kl 20.00.

Utstyr

Alle deltakarar må ha padleutstyr tilpassa forholda. Det er krav om tørrdrakt eller våtdrakt. Alle deltakarane må ha taueline, ekstra åre og hjelm. Alle deltakarar må også ha mobiltelefon (eller VHF-radio).

Lån av utstyr

Det er mogleg å låne kajakk med tryggleiksutstyr gratis av Sogndal Turlag. Turlaget har ikkje tørrdraktar og våtdraktar.

Overnattingsutstyr

Det blir to overnattingar i telt. Deltakarane må ordne mat og drikke sjølve. I tillegg til padleutstyr må alle deltakarar såleis ha generelt turutstyr inkludert telt, sovepose, liggeunderlag, kokeutstyr, gode klede tilpassa årstida, kart og kompass, fyrstehjelputstyr, hovudlykt og så vidare. Utstyret må pakkast tørt. Utstyr og mat kan ordnast i fellesskap mellom deltakarar i forkant av turen. Det blir gjennomført eit digitalt planleggingsmøte i veka før turen.

Pris 

DNT-medlemmer: 3100,-

Ikkje-medlemmer: 3900,-

DNT-ung medlemmer (16-25 år): 1500,-

Prisen inkluderar: deltaking på tur og lån av kajakk med tryggleiksutstyr frå Sogndal Turlag

Prisen inkluderar ikkje: Mat og transport

Frist for påmelding: 22. august

Kurshaldar/Turleiar

Eivind Aadland. Eivind er NPF Veileder i havpadling og har 20 års erfaring med kursing og turleiing i havpadling. Han har gjennomført mange kurs og turar i Solund og elles i Sogn og Fjordane og kjenner området godt.

Kontaktinfo: eivind.aadland@hvl.no, mob 47623461


Icon Oppmøtested