Velkommen til topptur til Ådneburen i Masfjorden - ein av dei mest karakteristiske fjelltoppane i ytre Nordhordland!
Nordhordland Turlag inviterar deg til ein spennande søndagstur. I tillegg til å gå til topps av Ådneburen, går vi over fjellmassivet, og ned på mindre brukte stiar til Kvingedalssetra og Kvingedalen.
Tidspunkt: Søndag 28. september 2025
Oppmøte: Kvingedalen, turparkering nedanfor dei første gardstuna, kl. 08.50
Vi har felles transport frå Kvingedalen til turparkeringa i Nørlandsdalen.
Turskildring:
Ådneburen og Ådneburkista i Masfjorden er ein kjent fjelltopp på 797 m.o.h. Med sin særprega kisteform er den synleg frå lange avstandar og brukt som landemerke for innsegling frå havs. Turen byr på variasjon med oppstigning på den gamle steinstien og stølsvegen i Nørlandsdalen, opp til stølsområda ved Meisdalsvatnet før det ber strake vegen til topps. Løna for strevet er ein fantastisk utsikt over fjellheimane rundt, fjorden og havet.
Frå parkeringsplassen i Nørlandsdalen ber det oppover dalen og etterkvart på flott steinlagt sti. Plutseleg går stien bratt opp til høgre på Ådneburfjellet, Nydeleg utsikt heile vegen i motbakkane. Etter ca. 4 km og nesten 600 høgdemetere er vi på toppen. Vi reknar ca. 2 timar opp.
Totalt med gode pauser på toppen av Ådneburen og på Kvingedalssetra reknar vi heile turdagen til ca, 7 timar. Turen er normert som krevjande då det er mange høgdemetere opp og ned, kuperte stiar og ein relativt lang dagsmarsj.
Mat og utstyr: Ta med ei god niste og godt med drikke. Ein liten godbit vert servert ved Kvingedalssetra. Gode fjellsko er eit must og ta med vindtette klede. I mai kan det ligge snøfenner att i fjellet, så brodder og stavar kan vere nødvendig.
Generelle vilkår for å delta på tur – Les generelle vilkår
Turavgift: Kr 200,- for medlemar i DNT og kr 450,- for ikkje-medlemar. Turavgifta dekkjer turleiing, organisering, sikkerhetsutstyr, transport frå Kvingedalen til Nørlandsdalen, kaffi/varm drikke og ein godbit.
Me oppmodar turgåarane til å støtte turlaget ved å melde seg inn i DNT. Meld deg inn her om du ønskjer medlemskap.
Dersom du må melde deg av turen må det gjerast med epost til nordhordland.turlag@dnt.no. Melder du deg av innan 15. september 2025 får du att påmeldingsavgifta. Melder du deg av frå og med 16. september 2025 får du ikkje att påmeldingsavgifta. Du må i såfall og ved sjukdom bruke reiseforsikring for å få evt. dekka utgifter til turen.
Om DNT sin standard gradering av turar.
Turleiing: Turen vert leia av turleiarar som har solid turerfaring og har gjennomført DNT-turleiarkurs. Turleiarane i DNT får ikkje løn for turar dei leiar, men gjennomfører sine oppdrag som frivillig arbeid. Påmeldingsavgifta dekker turleiar sine kostnader ved oppdraget t.d.transport, mat og overnatting, og kompetanseheving som skredkurs, turleiarkurs og førstehjelpskurs. Turane vert til på grunn av frivillige si glede med å ferdast i naturen og vilje til å gje andre gode naturopplevingar.
Sikkerhet: Vi har risikovurdert turane og aktivitetane og jobber kontinuerlig med å redusere risikoen for alvorlege skader og ulykker på våre turar. Likevel vil det alltid være ein risiko ved å ferdes i vår natur. Deltakarane må lese denne turinformasjonen nøye.