Go Norsk Friluftsliv to main content
IconSted
Ørsta
Icon Tid
Kl. 09.00 - 17.00
Icon Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Saksa ligg fotogent til ved Hjørundfjorden og Norangsfjorden, med flott fjordutsikt og panoramautsikt til fleire kjente Sunnmørstoppar.

Stien til toppen ligg sørvendt og blir tidleg snøfri. Turen kan derfor gjennomførast alt i juni mnd. Ein kan gå opp både frå Lekneset og Urke. Vi går i frå Urke. Sherpaer laga ny sti i 2015, så toppen er lettare å kome opp på enn tidlegare. Normaltid er 2 - 3 timar opp. Turen kan beskrivast som middels (blå) for nokre og krevande ( rød) for andre. Avhengig av  kor godt trent ein er. Men uansett ein topp det er verdt å vitje. Saksa består av 3 toppar der nordtoppen er høgaste 1073 moh, men på grunn av litt kliving ned frå sørtoppen og eit smalt skar mellom sørtoppen og nordtoppen er det ikkje alle som kjem seg til høgaste punkt. Uansett vil ein ha ei fantastisk utsikt mot Hjørundfjorden og Norangsfjorden. 


Dette er ein middels til krevande tur - Oppmøte ved Strynehallen kl. 09.00


Det er påmelding via linken på heimesida. Ein får ei bekrefting på e-post når ein er påmeldt. Det er begrensa plasser.

Turen er gratis for medlem i DNT og koster kr 200 for ikkje medlemar. Ikkje betal før turen starter. Vipps 108817.


Icon Oppmøtested