Frå brua går turen inn i Sandtangen, eit flott parkområde rett utanfor Bryne sentrum. Vi går nordover på gruslagt veg gjennom parken og langs Frøylandsvatnet mot Frøya, dagsturhytta i Klepp kommune. Herifrå går vi over Midgardormen og går ein runde i Njåskogen før returen tilbake til Sandtangen.
Oppmøte: ved brua inn til Sandtangen. Turen starter her kl 1730
Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.
Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem