Go Norsk Friluftsliv to main content
25. juni 2025

Sandtangen-Re

Mer informasjon
Sandtangen-Re
IconSted
Icon Tid
Kl. 17.30 - 19.30
Icon Arrangør
Jæren turlag
Icon Kontaktperson
Margreta Hauge Clementsen
464+33+458
margretahc@gmail.com

Turen startar ved inngangen til Sandtangen, det største friluftsområdet på Bryne. Sandtangen har både lysløype og trimpark samt eit yrande fugleliv. Turen går innom frukthagen til Brynes Vel. Kanskje står frukttrea i blomst? Vidare går turen ut av skogen og opp i Vardheia og Brynehaugen, forbi eit av dei eldste villastroka på Bryne, Solhøgda. På brua over Arne Garborgs veg får vi fint utsyn over Mølledammen med Fritz Røed sine skulpturar.  Turen går mot Re før den snur og går tilbake til Sandtangen via Bryne sentrum og parken Geidahodnet. Turen er 8 km.

Oppmøte: Sandtangen, ved inngang/bru. Turen starter her kl 17:30 
Turleiar: 

Terje Haugland, mobil 948 22 210

Anne Reidunn Garpestad, mobil 958 19 098

Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.

Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem

Icon Oppmøtested