Go Norsk Friluftsliv to main content
17. Sep 2025

Seniortur - Bjellandsbu frå Storebjørnsli

Mer informasjon
Seniortur - Bjellandsbu frå Storebjørnsli
IconSted
Kvinnherad
Icon Tid
Kl. 09.00 - 16.00
Icon Arrangør
Kvinnherad Turlag
Icon Kontaktperson

Ved frammøte ved Dalheim i Omvikdalen, samordnar vi transport til Storebjørnsli (ca. ein halvtimes køyring).

Det er ei forholdsvis lang stigning på vel ein time opp Storebjørnsli, deretter blir det rolegare stigning. Vi passerar Sandvatna og går vidare til hytta Bjellandsbu ved Bjellandsnuten. Ved hytta tek vi matpausen vår før retur samme vegen som vi kom. Grunna stigning og lengda på turen, blir den vurdert som krevjande. 

Turen går i idyllisk fjellterreng, kom å bli med...

HUSK: Fjellsko, det er nokre våte parti !  

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...   

OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. 
Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. 
Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.

  • Frammøte:   Kl. 09.00 ved ungdomshuset Dalheim i Omvikdalen
  • Turkarakter: MIDDELS 
  • Turavgift:      Ingen 
  • Turleiarar:    Anne Grethe Lindseth (906 65 103) og Elling Haveland (909 38 249)
  • Vandringa:
    • * Distanse:           11 km tur/retur
    • * Høgdeskilnad:  450 meter
    • * Tidsbruk:           Ca. 6 timar, pausar kjem i tillegg
Icon Oppmøtested