Oppmøte blir på parkeringsplassen i enden av Vardhaugvegen, Sunde.
Etter namneopprop går vi på traktorveg og sti utover til Bjellandsneset. Ytst på Bjellandsneset ligg gravrøysa Storarøyso frå bronsealderen, og litt lenger borte kjem vi til den fine rastehytta som er sett opp på dugnad.
Der tek vi ein pause.
På returen går vi forbi Krabbahopen i Åskesvikjo, dette er ein fin raste- og badeplass. Etterpå kjem vi oppatt på skogsvegen og går tilbake til parkeringsplassen.
Dette er ein idyllisk rundtur i typisk vestnorsk skogsterreng, i nærkontakt med Husnesfjorden.
Dagens tur markerar avslutting på Seniorgruppa sin sesong 2026. Etter turen køyrer vi difor bort til Gry Helges der vi har bestilt ei matøkt. Der har vi litt sosialt samvære, tek ei oppsummering av årets tursesong, og presenterar planlagde turar for neste sesong. For maten må det betalast ein eigenandel.
NB: Dersom du ikkje vil vera med på matøkta, må du gjera merksam på det i kommentarfeltet i påmeldinga.
HUSK: Gode sko, det er litt bløtt einskilde stader !
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...
OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr. SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.