Seniortur til Olaløo og Bondhusdalen 26. november 2025
Avslutning av sesongen med mat i Olaløo etter fotturen.
Vi reknar med at alle melder seg på til måltidet. (Pris kjem seinare)
Gjer merksam på ev. matallergi v/påmelding.
Frammøte på p-plassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 09.00. Derfrå vert det samkøyring til parkering ved Olaløo, Bondhus.
Fottur frå Olaløo til inste enden av Bondhusvatnet. (Turlengd vert avpassa etter føre- og vêrforholda.)
Retur til måltid i Olaløo, ei oppsummering av sesongen og eit blikk framover til ny sesong i 2026.
Turen går på grusveg.
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...
OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt.
Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.