Frammøte i Tveitedalen kl. 10.00.
Køyr forbi Ternebu, vi parkerar i grustaket litt lenger inne.
Turen startar med å følgja vegen/ljosløypetraseen inn til brua. Herifrå går vi oppover på sti som er merka til Ulvanosa. Mestedelen av turen går på traktorveg, øvste delen av turen går på sti.
Dyrrindo er ein gamal støl som ligg på ca. 600 moh.
I 2017 fekk "Vardhaugselets venner" disponeringsløyve og starta med eit omfattande arbeid som innebar ombygging av den gamle hytta slik at det vart høve til god overnatting der. I tillegg er det sett opp eit bygg for at turgåarar kan ta ein pause under tak. Arbeidet vart sluttført i 2018.
Her tek vi matpausen vår før retur samme vegen som vi kom.
HUSK: Bruk gjerne fjellsko...
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...
OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.