Go Norsk Friluftsliv to main content
14. Oct 2026

Seniortur - Ingahogg-Fagnabu

Mer informasjon
Seniortur - Ingahogg-Fagnabu
IconSted
Kvinnherad
Icon Tid
Kl. 09.30 - 16.00
Icon Arrangør
Kvinnherad Turlag
Icon Kontaktperson

Me samlast ved vegkrysset på Landa øvst i Omvikdalen kl. 09.30, og ordnar eventuell samkøyring til Fjellhaugen Skisenter. Der parkerar vi på nedre P-plass, hugs parkeringsavgift.

Fotturen går opp til varmestova og skitrekket, og vidare nokså bratt opp til øvre enden av trekket. Der går me over på merkt sti. Deler av stien vidare mot Ingahogg er også noko bratt. Frå toppen av Ingahogg, 965 moh, er det flott utsyn 360 grader rundt. Dei som vil, kan følgja med turleiarane ned til staden like nedanfor toppen der det tidlegare vart hogge ut kleberstein.

Frå varden på Ingahogg går me sørover på sti som vart merkt i fjor, til Nautavassdalen og ned til Nautavatnet. Ved vatnet dreier stien mot nord til dagsturhytta Fagnabu. Frå Fagnabu fortset turen ned til Fagnabotnen og vidare ned til parkeringsplassen og bilane. Turen er vurdert som krevjande av UT.no

HUSK: Gode sko, det er nokre våte parti og noko bratt !  

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...  

OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr. SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.

  • Frammøte:   Kl. 09.30 på vegkrysset på Landa
  • Turkarakter: KREVJANDE
  • Turavgift:      Ingen, men deltakarane må spleisa på parkeringsavgift
  • Turleiarar:    Hermund Fenne (917 03 488) og Eldbjørg Teigen (990 42 295)
  • Vandringa:
    • * Distanse:           8,5 km rundtur
    • * Høgdeskilnad:  500 meter
    • * Tidsbruk:           Ca. 5 timar, pausar kjem i tillegg
Icon Oppmøtested