Vi tek snøggbåten frå Sunde kl. 09.45, den er framme i Bekkjarvik kl. 10.58
Frå Bekkjarvik Torg går vi gjennom parken og føl vegen forbi herskapshuset. Deretter tek vi til venstre i krysset etter Smio, og føl vegen forbi skuleplassen og bakken opp til idrettsparken. Der tek vi til venstre inn til trollskogen og føl grusvegen forbi barnehagen. Etter barnehagen held vi til høgre på hovudvegen og svingar inn på neste grusveg. Denne føl vi til første trappetrinn, ei Sherpatrapp som går heil til toppen av Kongsfjellet, lokalt forkorta til Kongsen. Her kan vi nyta eit vidstrakt utsyn.
Kongskleivo er Bekkjarvik sin mest populære tur. Namnet på toppen kjem frå ei sagn som seier at det skal liggja ein konge gravlagd der. Her er flott natur, og det er ikkje uvanleg at ein kan sjå både villsau og havørn på turen. Vi kan følgja ein annan sti ned att slik at det blir ein rundtur.
På denne nettsida kan du finna meir detaljar: Kongskleivo
Etter turen på Kongsen er det muleg med andre aktivitetar, alt etter deltakarane sine ynskje. Det er også muleg å kjøpa seg eit måltid på Bekkjarvik Gjestgiveri, dei har lunsjmeny kl. 12.00-16.00
Det blir retur frå Bekkjarvik med båt kl. 17.15, vi kjem til Sunde kl. 18.27.
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...
OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.