Go Norsk Friluftsliv to main content
15. okt. 2025

Seniortur - Lovatnet / Hildalsvatnet

Mer informasjon
Seniortur - Lovatnet / Hildalsvatnet
IconSted
Kvinnherad
Icon Tid
Kl. 10.00 - 11.00
Icon Arrangør
Kvinnherad Turlag
Icon Kontaktperson

Turen startar med ca 1,5 km på skogsveg i kulturlandskap for så å gå over til sti gjennom blandingsskog. Stien er tidvis bratt og ein må forsera to elve/bekkeløp utan bru før ein når Lovatnet, ei lita perle på turen.  Heile turen frå skogsvegen til  Hildalsvatnet er tidvis krevjande. Siste delen av turen inn til Hildalsvatnet går i ur.  

Dersom elva er lita kan vi gå over til Naterstadsida ved Lovatnet og få ein rundtur.  Om ikkje, vert det retur same veg som vi kom.
Turen er middels til krevjande.  Vi går mykje på stein og ur.

HUSK: Fjellsko, det er nokre steinete og våte parti ! 

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...  

OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.

  • Frammøte:   Kl. 10.00 ved parkering innanfor Galleri Guddal
  • Turkarakter: MIDDELS TIL KREVJANDE
  • Turavgift:      Ingen 
  • Turleiarar:    Helga Fossheim (918 50 257) og Marita Haugse Handegard (952 75 478)
  • Vandringa:
    • * Distanse:           11,5 km tur/retur    
    • * Høgdeskilnad:  350 meter
    • * Tidsbruk:           Ca. 7 timar, pausar kjem i tillegg
Icon Oppmøtested