- Etter frammøte på Landa samordnar vi transporten vidare til Matre.
- Turen startar ved krysset til gamle Matre ferjekai. Her går vi ca. 250 meter på asfalt før vi går inn på postvegen. Den første delen av turen stig ca. 300 meter opp ei bratt li. Denne delen skal vi gå roleg sidan den er noko KREVANDE.
- Frå Sundsstølane og vidare sørover får turen karakteren MIDDELS, no har vi høgda inne. Her skal vi gå på stiar/stølsvegar gjennom eit flott kulturlandskap med beitemark, murar, stabbesteinar og gamle hus mot Bauge, Hovda og Svelland.
Frå Svelland tar vi inn på grusveg ned til Slåke og så litt på asfalt vidare til Baugstø. Denne delen er 2,4 km. lang, og ved Baugstø blir turen avslutta. Her har vi bilar ståande for transport av nokre sjåførar tilbake til Matre for å henta bilane.
HUSK: Fjellsko og stavar er anbefalt, kan vera enkelte blaute parti.
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...
OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.
- Frammøte: kl. 09.00 ved Landa bru Omvikdalen
- Turkarakter: MIDDELS - KREVANDE den første timen
- Turavgift: Ingen
- Turleiarar: Kjell Ivar Bjørgen (959 74 654) og Helga Fossheim (918 50 257)
- Vandringa:
- * Distanse: 7 km
- * Høgdeskilnad: 320 meter
- * Tidsbruk: Ca. 5 timar, pausar kjem i tillegg