Frammøte ved Skarveland skule på Sandvoll kl. 10.00.
Vi startar ved Skarveland skule og går opp gjennom byggefeltet Heio til enden av Erslandsvatnet. Der går vi langs vatnet på nord/austsida og til enden i sør. Vi kryssar hovudvegen og følgjer Postvegen til Ølfarnes bryggje der vi tar matpause.
Turen tilbake går same veg til vi kjem til søre enden av Erslandsvatnet, derifrå følgjer vi Postvegen tilbake til Skarveland skule.
Turen går på både grusveg, asfalt og sti, og det er ein lettgått tur med lite stigning.
HUSK: Gode sko, det er nokre våte parti på nord/austsida av Erslandsvatnet,
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...
OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.