Turen startar ved Gjenbruksstasjonen rett forbi Gullbotn. Turen går delvis på skogsveg og elles på god sti. Det er klopper på dei våtaste plassane. Stien går gjennom gammal vakker furuskog. Oppe ved Raudvatnet har ein flott utsyn mot fjella frå Kvamskogen mot Bergsdalen. I nordre enden av vatnet er det eit bergområde av serpentinitt som nok har gjeve namnet til vatnet. Serpetinitt er same bergarten som vi t.d. finn att i Raudberet ved Selhamar i Stølsheimen.
Om du har lyst til å lese meir om turen finn du ein fin artikkel her.
Turen er på ca 8 km og med ca 500 høgdemeter stigning, og vert difor rekna somforholdsvis krevjande.
Hugs niste og drikke, gode sko og kle etter ver og føre.
Vi møtes på parkeringen på Rolland på Osterøy kl. 9.30. So preøver vi å få til litt samkøyring der i frå.
Turleiarar er Marit Vatle Hernar og Harry Hauge - Mobil : 993 62 484 - 971 62 333