Tur til Trefallstølen og Storhaug i Eksingedalen
Oppmøtestad: Turbinen på Dale kl 0930 (Merk tida!)
Vi fordeler oss i bilar og startar turen med å køyra til Evanger og over Nesheimsfjellet til Eksingedalen.
Turskildring: Vi parkerer midt mellom Trefall og Ekse. Her i frå er to stiar til Trefallstølen, ein gangveg og ein buføreveg. Vi skal gå gangvegen som er fyrste del av DNT si ruta til hytta Selhamar. Det er ein litt bratt kneik i starten, men det flatar ut etter kvart.
På Trefallstølen har det vore stølsdrift truleg frå 1600-talet og stølen var kjent for å ha svært godt beite.
Me går litt forbi Trefallstølen mot Kvanndalsvatnet før me svingar opp mot Storhaug (992 moh).
Det er mellom 400 og 500 m stigning på turen.
Trefallstølen med Storhaug i bakgrunnen