Me parkerar bilane ved bommen i Handelandsdalen og arrangerar transport til Tveitedalen.
Dersom det blir busstransport, kan det bli aktuelt å kreva inn litt busspengar.
Me startar frå Ternebu og går ca. 1,5 km på grusveg i retning Ulvanosa. Ved enden av grusvegen tar me av til venstre og inn på sti med moderat stigning opp mot Tveitebotnvatnet der me tek ein liten pause.
Etterpå går me ein annan sti ned til ljosløypa og føl denne til Vassenden, her tek me matpausen vår.
Turen vidare går i retning Handelandsdalen i eit noko myrlendt område. Me kjem opp på skogsvegen i innste enden av dalen, og føl denne nedover til Dalstøl og vidare på grusveg forbi Feto tilbake til bilane ved startpunktet på Handeland.
Klassifisering: Middels tur, først på grusveg, så sti med noko stigning, elles kupert terreng, til slutt på skogsveg og grusveg. Godt fottøy (støvlar/fjellsko) blir anbefalt då det er fleire blaute parti.
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...
OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr. SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.