Go Norsk Friluftsliv to main content
01. okt. 2025

Seniortur - Tverrfjell, Omvikdalen

Mer informasjon
Seniortur - Tverrfjell, Omvikdalen
IconSted
Icon Tid
Kl. 10.00 - 14.30
Icon Arrangør
Kvinnherad Turlag
Icon Kontaktperson

Vi møtest på Landa ved vegdelet til Matre. Der parkerar vi og set att nokre av bilane før vi samkjører vidare opp til garden til Bjørnebøle/Hass.

Vandringa opp til Aterstad går på grei skogsveg. Der har vi ein liten pause før vi kryssar elva og tek fatt på kneiken opp mot Tverrfjell. Deler av denne stien er noko bratt. 

Oppe på toppen får vi ei fantastisk utsikt over fjella som omkransar Omvikdalen og ikkje minst sjølve Omvikdalen og fjorden utanfor. 

Etter matpausen går vi samme stien ned lia, men lenger nede går vi på ein annan skogsveg enn den vi gjekk opp.

HUSK: Fjellsko er greit å ha på ein slik tur !  

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...  

OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.

  • Frammøte:   Kl. 10.00 på Landa, Omvikdalen
  • Turkarakter: MIDDELS, men litt krevande.
  • Turavgift:      Ingen 
  • Turleiarar:    Helen Sandvik Røssland (993 59 929) og Solveig Hellesøe Sandvik (416 91 324)
  • Vandringa:
    • * Distanse:           Ca 9 km tur/retur
    • * Høgdeskilnad:  580 meter
    • * Tidsbruk:           Ca. 4,5 timar, pausar kjem i tillegg
Icon Oppmøtested