Go Norsk Friluftsliv to main content
05. apr. 2025

Sidersmaking på Geiterygghytta

Mer informasjon
Sidersmaking på Geiterygghytta
IconSted
Hol
Icon Tid
Icon Arrangør
Geiterygghytta
Icon Kontaktperson

5-6 april tek me Hardanger med oss til Skarvheimen og byr på ein unik og smakfull opplevelse. Sjølvaste Hardangerbonden tek nemleg turen til oss på Geiterygghytta og saman har me laga ein pakke stapp full av gode smaker der sideren og eplemosten saman med matopplevelsen står i fokus. Dette blir ein smakfull, lærerik, personleg og underhaldande stund du seint vil gløyme. Me dekker opp i Thonstuga og har plass til 25 eksklusive gjester. Her er det fyrstemann til mølla, så meld deg på og bli med på ein heilaftan midt i hjarte av Skarvheimen! 

Klokka 1900 vil våre "eksklusive" gjester få servert ein aperitiff og bli kjend med Hardangerbonden, garden, eplene, sideren og eplemosten, du vil lære meir om fruktdyrking og om historia bak livet på ein fruktgard i Hardanger. Og mens alt dette pågår serverer me ein 3 retters middag basert på lokale råvarer i ekte DNT stil. Totalt skal me smake på fire ulike siderar eller eplemostar for dei som ynskjer eit alkoholfritt alternativ og desse vil bli servert saman med dei ulike middagsrettane. Til desserten kan me røpe at du får servert ein issider, ein smakseksplosjon laga på ein heilt spesiell måte!

"Viste du forresten at Sider frå Hardanger er det fyrste norske alkoholproduktet som har oppnådd beskytta geografisk nemning? Sider frå Hardanger er laga i Hardanger av epler dyrka i Hardanger og er gjæra på enten villgjær frå epleskallet eller er tilsatt vin/øl/sidergjær." 

Ingrid Larssen Sekse eller Bonden som ho kallar seg driv Hardangerbonden saman med mannen Bård eller Drengen som han også vert kalla. Garden ligg på Sekse i Hardanger og her dyrkar dei eple. Søte, saftige og syrlege eple! Ingrid er lærer og Bård er petroleumsingeinør og ingen av dei hadde vel egentlig ein plan om å bli bønder. No har dei ca 10 000 epletre og i 2023 dyrka dei heile 90 tonn med epler. I sideriet vidareforedlar dei epla til eplemost og sider og dei nyttar kun eigne råvarer i produksjonen slik at dei har full kontroll på kvaliteten og modningsgraden. Slikt blir det gode produkter av! 
Les meir om Hardangerbonden her

Pris
Medlemspris: 1650 kr
Ikkje-medlemspris: 1940 kr

Bli medlem i DNT

Siderpakken inkluderer: 

- Opphold på Geiterygghytta frå 5-6 april. (Prisen gjeld for overnatting i 4 sengs sovealkove. Det er mulig å oppgradere romstandard med forbehold om at det er noko ledig). Sengetøy og håndkle kan bestilles ekstra!

- DNT pensjon med 3 retters middag ankomstdagen samt frokost, niste/termos avreisedagen.

- Sidersmaking med underhaldning av Hardangerbonden.

* Gi beskjed ved påmelding om du har allergier eller andre matpreferanser me må ta hensyn til, om du
ynskjer eit alkoholfritt alternativ, om du vil leige sengetøy og handkle eller om du vil ha bagasjetransport frå/til parkeringsplassen.

18 års aldersgrense!

Korleis koma seg til Geiterygghytta?
Med bil: Køyr til parkeringsplassen (vinterparkeringen) ved Vesterdalsvatnet på Vestsida av Geiteryggtunellen på fellovergangen FV. 50 mellom Hol og Aurland. Herfrå går det kvista skiløype ca 4,6 km inn til hytta. Her er det også mulig å bestille bagasjetransport!
Sjå turbeskrivelse her

Med offentlig transport: Ta toget til Finse og gå til Geiterygghytta herfrå. Då har du to alternative ruter og du kan gå turen som ein rundtur. Eine dagen via Omsvatnet ca 17 km og den andre dagen via Kyrkjedøri ca 20 km. 
Sjå turbeskrivelse her

Sjå vår nettside for meir informasjon om adkomst

Vilkår
For dette arrangementet gjelder DNTs generelle vilkår for påmelding og deltakelse.

Endringer og avbestillinger skal skje skriftlig på e-post til geiteryggen@dnt.no


Hardangerbonden

Icon Oppmøtested