Ein flott tur der du får oppleva variert fjellterreng og ferdas langs vatn, nutar og bratte fjellsider. Vi går delvis på sti og delvis langs umerka tråkk i terrenget frå 300moh opp til ca 1000moh og endar på Fetet i Fitjadalen på 266moh. Turen er forholdsvis krevjande og deltakarane må vera vane til å bevega seg i ulendt terreng pga nokre parti med blokker og ellers et smalt parti.
Lengde: Ca 22 km. Frå 300 moh til 1000 moh ned til 266 moh. Turtid ca 8 timar.
Mat: Ta med niste til en heil dag i fjellet
Frammøte: Sjusete, på parkeringen nærast innkjøring til området.
Turleiing: Turen blir leia av turleiar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Pris: Medlemmer: 0kr, ikkje medlemmer: 100kr. Betaling ved online påmelding.
Påmelding: via nettsida eller direkte til turleiar
Turleiar: Knut Njaa, tlf 952 02 330
#FT#